FolkOrg presenterer:
Landskappleiken
Sted | Såheim, Rjukan |
Dato |
|
Påmelding | Landskappleiken.no ↗ |

Landskappleiken er eit noregsmeisterskap i folkemusikk og folkedans.
Det vert konkurrert i pardans, hallingdans, vokal, hardingfele, fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument, i både junior-, senior- og eliteklasse. I tillegg til konkurransar, kan ein få med seg ulike konsertar og sosial dans på kveldstid. Landskappleiken er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement for folk i alle aldrar.
Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men har kvart år ein lokal arrangør som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen.
Landskappleiken er eit arrangement med røter tilbake til 1896, da den fyrste Landskappleiken var arrangert i Bergen.
Landskappleiken samlar omlag 3.000 - 5.000 deltakarar og publikumarar kvart år.