Vestland fylkeskommune inviterer:

Kulturkonferansen Vestland 2026

Sted Hotel Terminus, Bergen
Dato 13. nov. 2026, 09:00
Påmelding Meld deg på her
Vestland fylkeskommune rgb

Kulturkonferansen Vestland er møteplassen for alle som er opptekne av kva rolle kulturen skal ha i samfunns- og næringsutviklinga. I år ser vi nærare på tematikken "Frå kulturskule til verdsscene – kor godt lykkast Vestland?"

Vestland fylkeskommune inviterer til Kulturkonferansen 2026 i Bergen 13. november. Her ønskjer vi å samle aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og offentleg forvalting til faglege samtalar, inspirerande innlegg og gode møte på tvers av sektorar.

Tema for Kulturkonferansen Vestland

Alle store kulturnamn har ein stad dei starta. Kanskje var det på eit øvingsrom i kulturskulen, kanskje i eit lokalt band, kanskje framfor eit publikum på ti personar. Vegen frå den spede byrjinga til verdsscena er lang, men han startar alltid ein stad, og ofte er det her, i Vestland.

Spørsmålet er: Utnyttar vi potensialet fullt ut? Kor lykkast vi eigentleg med å dyrke fram talenta våre, og kor må vi trappe opp innsatsen for at Vestland skal bli endå sterkare på kultur og kreativ næring?

På årets konferanse ønskjer vi å setje søkelyset på korleis vi utviklar talent og kulturnæring i Vestland. Kva er behova og moglege tiltak for å utvikle den kreative næringa i regionen vår? Er politikk og verkemiddelapparat tilpassa dagens verkelegheit? Og korleis kan vi styrkje det strategiske samarbeidet mellom kulturfeltet, næringslivet og det offentlege?

Bli med når vi utforskar desse spørsmåla saman med spennande stemmer frå kulturliv, næringsliv og forsking.