Bransjefestival på Stord:

100 Dagar

Sted Frugård, Stord
Dato 08. mars 2024 - 09. mars 2024
Påmelding Delegatpåmelding
100dagar

8.-9. mars blir det den 16. utgåva av 100 Dagar på Bakeriet Frugård på Stord. Få med deg den beste nye musikken frå sør og vestlandet i tillegg til eit spennande seminar for festival- og arrangørbransjen.

100 Dagar 2024 er lagt til helga 8.-9. mars, og kva er då meir naturleg enn å setje fokus på kvinner i musikkbransjen. Fredag 8. mars blir det difor panelsamtalar og konsertar med kvinnelege artistar i Arena, i regi av 8. mars-initiativet og 100 Dagar.

Musikkbransjetreffet 100 Dagar blei starta I 2007, og skal sørge for kompetanseheving og nettverksbygging blant festivalane på sør- og vestlandet, og jobbe for at unge artistar og band får tilgang til livemarknaden, og arenaer dei kan spele på. Frå 2017 har festivalane og bransjen gjennom ei stifting, sjølve teke over 100 Dagar.

Feiringa av kvinnedagen har lange tradisjonar på Stord som går tilbake til byrjinga 1970-talet. Markeringa er tverrpolitisk og inkluderande, og har hatt mange ulike former. I dag er 8. mars-initiativet ei laus samling av kvinner frå ulike lag- og organisasjonar i kommunen, som står bak den årvisse markeringa av kvinnedagen.

Seminarprogram

Fredag 8. mars: Kvinnedagen spesial

Kl 18.00-19.30 Opning og apell

Kvinner bak scena – Virkemiddelapparatet – korleis tilrettelegger me for fleire kvinner i musikkbransjen. Panelsamtale

Moderator: Jenny Ulleland, Norske Kulturarrangører

Deltakere:

Irene Bjørke, lydtekniker GRIP

Joakim Aadland, dagleg leiar Balansekunst

Kvinner på scena – Kjønnsfordeling av artistar. Panelsamtale

Moderator: Ida Yasin Andersen, NRK Studio 2

Deltakere:

Kristine Utne Stiberg, artist

Martin Rokkones, bookingsjef Vill Vill Vest

Camilla Christensen, bookingagent Standing Ovation

Laurdag 9. mars

Stad: Bakeriet Frugård – Arena

Seminar

Kl 11.00 NKA presenterer: “Festivalen – din merkevare” ved Lars Tefre, Tons of Rock.

Kl 11.35 Workshop og rundbordssamtaler blant arrangørbransjen rundt tematikken å bygge egen merkevare for festivaler.

Kl 12.20 Kompetansenettverk og rekruttering for festivalar – presentasjon av nytt prosjekt frå Kulturkontoret ved Marie R. Furseth og Jostein Sydnes

Kl 13.00 Festivaløkonomi i endring. Panelsamtale.

Moderator: Anders Tangen, Norske Kulturarrangører

Deltakere:
Sigve Prestnes, dagleg leiar Stageway Talent

Øystein Vaage, dagleg leiar Tysnesfest

Kl 13.45 – 14.30 Spill på showcase festival – for artistar

Kva skal til for å skille seg ut på showcasefestival? Praktiske tips om preproduksjon, markedsføring og andre essensielle ting.

Ved Martin Rokkones, bookingsjef Vill Vill Vest og Inni Mowinckel, rådgjevar BRAK

Kl 16 – 19 Delegatmøteplass på Åtgaum
Eigen invitasjon følger til delegatar.