Jazzintro:
Frå rosa sky til ny retning for Sondre Moshagen Lightning Trio
Av Torkjell Hovland
|
Sondre Moshagen Lightning Trio, frå venstre: Sondre Moshagen, Kertu Aer og Steinar Heide Bø.
Foto: Sofie Berrefjord
Sondre Moshagen Lightning Trio vann Jazzintro 2024 og har sidan vore gjennom ei omfattande utvikling – med festivalturné, debutalbum og tett samarbeid med den britiske pianisten Kit Downes.
— Det har jo vore som å sveve på ei rosa sky. Å verkeleg få satse alt på draumen. Og så har eg skrive masse ny musikk, så vi er verkeleg på ein heilt annan plass i dag enn for eitt år sidan, seier Sondre Moshagen.
Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge jazzmusikarar i Noreg, arrangert av Norsk jazzforum i samarbeid med fleire norske jazzfestivalar. Gjennom deltaking får unge band turnéerfaring, synlegheit og tilgang på mentorar.
Vinnaren får tittelen Årets unge jazzmusikere og får spela på sentrale scener i Noreg, i tillegg til støtte til vidare utvikling.
Nye perspektiv i studio
Mentorprogrammet i Jazzintro førte trioen saman med Kit Downes, som også produserte debutplata «Lightning». Studioarbeidet var ei skapande og utfordrande erfaring, fortel Moshagen.
— Dei to dagane med han i studio i Trondheim i januar vart heilt spesielle. Mange av låtane på plata er jo tre år gamle. Men Kit kom med ei innstilling om at låtane kan bli heilt annleis i studio enn live. Så vi fekk jobba ein del med å gjere låtane så fleksible at dei kan formast i nuet. Noko som vi igjen tek med live – at dei får ei ramme for at ting kan skje spontant
I tillegg fekk trioen spele saman med saksofonisten Immanuel Wilkins på Oslo jazzfestival, eit samarbeid som sette spor.
— Han gir musikken tid og rom til å utfolde seg. Han jobba mykje med energien, og snakka om å ha eit kontrollert forhold til intensitet, tension/release.
Erfaringar som varer
Mentorprogrammet har gitt meir enn gode råd og tips – det har skapt ekte musikalske møte.
— Jazzintro har gitt oss uvurdelig konserterfaring gjennom festivalturnéen, og moglegheita til fleire store musikermøtar gjennom mentorordninga – det å få samarbeide og spele med nokre av våre heltar.
Moshagen peikar òg på at det krev mykje å stå i ein så intens utviklingsfase:
— Men etter ei intens periode med høge skuldrar, i vakuumet av det, så er det ofte musikken berre flyt ut av meg. Då kan eg få ein euforisk følelse av å spele på jam etterpå for eksempel!
Les heile intervjuet hos Norsk Jazzforum.
Norsk jazzforum
Norsk jazzforum er en medlems- og interesseorganisasjon som samler det norske jazzmiljøet, og arbeider for å fremme den norske jazzens vilkår kulturpolitisk og kunstnerisk. Norsk jazzforum organiserer jazzfestivaler, jazzklubber, storband, profesjonelle musikere, jazzstudenter, regionale jazzsenter og høyere jazzutdanninger. Organisasjonens primære mål er å bidra til at jazz spres til et bredest mulig publikum i Norge, samt å markere norsk jazz nasjonalt og internasjonalt.
Relatert innhold
Eier du masteren til musikken din? Sjekk om du har vederlag til gode
Finn retningen din som artist
Her får du konkrete grep for å forstå egen verdi, prioritere riktig og bli tydeligere i hvordan du presenterer musikken din.