Grøn festival:
Finansiering av klimavennlege tiltak
Av Elise Hessevik
|
Vill Vill Vest er Grøn festival-sertifisert. Her held Lars Jacob Tynes Pedersen føredrag om «den bærekraftige festivalen» i 2021-utgåva.
Foto: Øystein Haara
I nokre tilfelle må ein bruke pengar for å gjere klimavennlege tiltak.
Her gjer vi deg fem tips for korleis du som arrangør kan finansiere dei ekstra kostnadane du pådrar deg.
Legg inn tiltak og auk budsjett og søknadsbeløp
Til dømes i søknaden til Vestland fylkeskommune og festivalordninga gjennom Norsk kulturråd.
Søk om midlar til konkrete klimatiltak
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest og andre bankar og stiftingar. Dei aller fleste ynskjer å vere med på dugnaden for å kutte klimautslepp.
Spør kommunen om hjelp
Enten økonomisk eller ved tjenester (til dømes gravearbeid ved omlegging til faststraum). Spør også andre som brukar området om å spleise på kostnadane.
Spør leverandørar om å gi gode prisar
Til dømes mot profilering på festivalen. Nokre gir gratis tjenester (renovasjon, leigebil, straum) mot logo på nettsidene og synlegheit på sosiale media.
Få ein eigen klimasponsor
Som kan betale for ekstra bussar, klimahonorar, sneipekasser og andre tiltak der de treng finansiering. Sponsorar ser etter positive assosiasjonar til si merkevare og mange vil knytte seg til klimaarbeid.
Ver bevisst på at enkelte sponsorar kan bruke dette som grønvasking.
Grøn festival
Grøn Festival er eit miljømerke for festivalar som hjelper deg å gjere gode val for klimaet. På nettsida finn du instruks og ressursar for korleis du kan gjere tiltak.
Relatert innhold

Det grønne skiftet: Hva kan musikkbransjen gjøre nå?
Anbefalte strakstiltak for selskap, organisasjoner og enkeltaktører.

Klimavennlig turné: Hva kan jeg gjøre som artist?
Det er ikke alt man kan kontrollere – særlig som artist på turné. Det er likevel en del enkle grep man kan ta!
