Fagdag og konserter

Luttprisen 2026

Sted Nynorskhuset, Førde
Dato 07. mars 2026, 12:00
Påmelding Meld deg på her
Luttfagdag

Velkomen til Luttprisen Fagdag – ein inspirerande møteplass for artistar, arrangørar og aktørar i musikkbransjen i Sogn og Fjordane!

Dette er dagen der vi samlast for å dele kunnskap, bygge nettverk og styrke musikkmiljøet i fylket vårt. Gjennom spennande innlegg, faglege diskusjonar og praktiske råd frå erfarne bransjeaktørar får du verktøya du treng for å ta neste steg – anten du er artist, arrangør eller jobbar med musikk på ein annan måte.

Fagdagen vert arrangert i Nynorskhuset i Førde og er heilt gratis å delta på. Med to parallelle løp – eitt for artistar og eitt for arrangørar – blir innhaldet skreddarsydd for å gi størst mogleg utbytte for deltakarane. Vi har med oss fleire samarbeidspartnarar som alle bidreg med verdifull innsikt.
Dagen rundast av med ein inspirerande sofaprat, før kvelden kulminerer i Luttprisen-showet – ein unik konsert med artistar frå fylket og utdeling av prisane som hyllar dei som gjer ein forskjell i musikken vår.

Dette vil du ikkje gå glipp av!

Som deltakar på fagdagen får du muligheit til å kjøpe billett til Luttpris showet på kveldstid til redusert pris. Registrer deg på lenka i billett feltet.

Frå kl.11:15 Registrering, lunsj og mingling
Kl.12:00-16:00 Parallellsesjonar for artist og arrangør
Kl.16:00 Sofaprat i Røyst
Kl.16:45 Middag (må førehandstingast)
Kl.17:30 Vorspiel i foajeen (ope for publikum til konserten)
Kl.18:30 Dørene opnar til konsert
Kl.19:00 Luttprisen 2026 (kjøp billett til redusert pris som deltakar på fagdagen)
Frå kl.21:00 Etterfest på Elvesus

594970579 1489277116376457 5652896121013858181 n