FolkOrg:
Dommarseminar
Sted | Riksscenen, Oslo |
Dato |
|
Påmelding | Meld deg på her ↗ |
FolkOrg inviterer til dommarseminar på Riksscenen fyrste helga i mars. Gjennom helga blir det arrangert tre parallelle seminar i vokal, spel og dans. Laurdag kveld blir det stor dansefest på Riksscenen!
Seminara er for deltakarar frå heile landet som ynskjer fagleg påfyll og som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaring sjølve. Det er krav om at deltakarane har god kunnskap om temaet dei vil fordjupe seg i og gjerne eigne erfaringar frå tevlingar som deltakar.
Felles stikkord for seminara er: faglege diskusjonar, refleksjonar og djupdykk i tradisjon, sentrale omgrep, tevlingsreglement, retningsliner, dommarskjema og prøvedømming.
Påmeldingsfristen er 12. februar.