FolkOrg presenterer:

Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Sted Vågå
Dato 03. august 2022 - 07. august 2022
Påmelding Landsfestivalen.no
LF musikk kontoret 1

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er noregsmeisterskapen i gammaldans, kor det vert konkurrert i omlag 15 ulike klassar i spel og dans for både juniorar og seniorar.

Omlag 700 personar deltek i tevlingane og det kjem rundt 3000 besøkjande. I tillegg til tevlingane er det dans og sosialt samvære som er i hovudfokus under festivalen. Landsfestivalen er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement for folk i alle aldrar.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men har kvart år ein lokal arrangør som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vore eit årleg arrangemet.