Dialogmøte om Kulturrådets tilskottsordningar på musikkfeltet
| Sted | USF Verftet, Bergen |
| Dato |
|
| Påmelding | Meld deg på her ↗ |
Kulturrådet og musikkutvala har gleda av å invitera aktørane i musikkfeltet til eit ope innspelsmøte i Bergen om tilskotsordningane til Kulturrådet for det frie musikkfeltet i Noreg.
Møtet finn stad torsdag 23. mai klokka 12.00 til 16.00 på Sardinen på USF Verftet, medan to store festivalar opnar i Bergen.
Det vert fysisk oppmøte for alle som ynskjer å vera til stades og bidra i samtalen. Det er òg mogleg å sjå møtet digitalt (sjå sak og program nedanfor).
Formålet er å samla musikarar, artistar, komponistar, arrangørar, festivalar, organisasjonar og musikksenter til diskusjon og innspel for å klargjera og vurdera dei statlege verkemidla for musikk i det frie feltet.
Me startar møtet med ein velkomst frå medlemmer av Kulturrådet, Ivar Vogt og Nasra Ali Omar. Dei er også leiarar av kvart sitt musikkutval, høvesvis arrangør- og festivalutvalet og musikkutvalet for komposisjon, produksjon og andre musikktiltak. Leiar for musikkutvalet for turné og ensemble, Gro Bergrabb, og leiar av utvalet for innspelings- og publiseringstilskot, Jan Bang, deltek òg. Leiar av NOU musikkutvalet, Sigrid Røyseng vil også kort presentera rolla og mandatet deira. Deretter blir det lagt opp til to paneldebattar: éin om tilskotsordningane for produksjon og framføring av musikk, og éin om tilskotsordningane for arrangørar og festivalar. I siste del av innspelsmøtet vil musikkutvalet stilla ein del spørsmål i ein paneldebatt.
Program
Her finn du sak om seminaret og det førebelse programmet: Dialogmøte om tilskuddsordninger for musikkfeltet
Møtet er gratis. Det vert servert drikke, frukt og bakverk i ei pause midt i programmet. Me håpar du vil melda deg på arrangementet ved å følgja denne lenkja:
Relatert innhold
Slik holder du oversikt over søknadsarbeidet
Tilskuddsordninger når du er over 67 år
Mange tilskuddsordninger er rettet mot unge, men de fleste profesjonelle ordningene har ingen øvre aldersgrense. Her får du en oversikt over mulighetene når du er over 67 år...